Bedriftshelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, og vi er lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Nordfjordeid, Stryn, Ulsteinvik, Florø, Førde, Voss, Norheimsund og Odda og har i tillegg avdelingskontor i Luster, Vik, Årdalstangen og Lærdal. Vi vil vere nær kunden, både for å forstå dei, men også for at dei skal kjenne oss.
Bedriftshelse1 har høgt kvalifiserte medarbeidarar innan alle fagfelt som angår arbeidsmiljø, og vi er klare til å bistå bedriftene. Høg kompetanse, saman med god lokalkunnskap og eit genuint ynskje om at arbeidslivet på Vestlandes skal vere bra, gjer oss til ein aktiv, effektiv og naturleg samarbeidspart.